Jorunn Veiteberg: Craft In Transition

Jorunn Veiteberg har skrive bok om endringane innan feltet kunsthandverk. Boka har tittelen "Frå tause ting til talande objekt" og vart lansert 1. desember 2005. Veiteberg er professor II ved Avd. for spesialisert kunst.


Craft In Transition

Jorunn Veiteberg (2005)
ISBN 82-8013-051-9
Price NOK 200

Norsk tittel: "Kunsthandverk - Frå tause ting til talande objekt" (Pax)


Torsdag 1. desember 2005 vart boka "Kunsthandverk - Frå tause ting til talande objekt" skrive av Jorunn Veiteberg lansert på PAX forlag. Temaet i boka er endring i kunsthandverkfeltet. Kunsthøgskolen i Bergen har utgitt den engelske versjonen av boken i samarbeid med PAX forlag.

Veiteberg spør: Kunsthandverk – kva slags kunst er det? Før var det namnet på handlaga gjenstandar i keramikk, tekstil, tre eller glas, men kva når materialet er ready-mades og resultatet ikkje lenger er bruksting? Kva rolle fyller eigentleg kunsthandverket i dag?

Kan vi tala om ein slutt for kunsthandverket slik filosofen Arthur C. Danto snakkar om i ”Kunstens avslutning”?

Dei som arbeider med kunsthandverk, teoretisk eller praktisk, drøftar kontinuerleg identiteten til faget. Representerer ordet bestemte verdiar som bør styrkast, eller er det bruk for heilt nye nemningar? Boka gir fleire svar på desse spørsmåla, og forfattaren nærmar seg kunsthandverket frå tre ulike innfallsvinklar: historisk og estetisk og som samfunnskunst. Ho drøftar også kva som skjer når materialet blir mediet, og leverer eit forsvar for det vakre som verdi.

>> Les omtale i Klassekampen her.

>> Les omtale i Aftenposten her.


Om Jorunn Veiteberg:
Jorunn Veiteberg er dr.philos. i kunsthistorie og professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har skrive fleire bøker om kunst, bl.a. Den norske plakaten, og ho er aktiv som kurator, skribent og mangeårig redaktør av bladet Kunsthåndverk.

Tekst og bilete frå pressemelding til PAX forlag. Ta kontakt med Janicken von der Fehr janicken@pax.no for mer informasjon om den norske versjonen.

Den engelske versjonen kan kjøpes i ekspedisjonen på Kunsthøgskolen i Bergen, Strømgt. 1, eller ved å sende en e-post til khib@khib.no .


------------------------------------------------------------

Buy this publication: Order this publication by email to khib@khib.no or by visiting KHiB in Strømgt. 1, Bergen.

Publisert: 05.08.2010 av admin Oppdatert: 19.03.2015 av admin