Ting-Tang-Trash-omslag.jpg

Jorunn Veiteberg: Ting Tang Trash

I stigande grad har både kunsthandverkarar, bildekunstnarar og designarar tatt i bruk allereie eksisterande ting og tang og trash som kunstnarleg råstoff.

Pris: NOK 250,- (EUR 34) + porto og eksp. gebyr
Bestill boken på e-post resepsjonen@khib.no eller 55 58 73 00.

"Av alle gjenstander liker jeg best de velbrukte," skriv Berthold Brecht i eit dikt. Han er ikkje åleine om det. Så omfattande er denne praksisen at Kunsthøgskolen i Bergen i samarbeid med Kunstmuseene i Bergen har hatt ei forskingsgruppe i arbeid for å granska fenomenet nærare. I 2008 fekk vi støtte frå Norges forskingsråd til eit treårig prosjekt med tittelen Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk, i daglegtale forkorta til K-verdi. Med i gruppa er filosof Søren Kjørup, førstekonservator Anne Britt Ylvisåker, kunsthistorikar Jorunn Veiteberg, samt kunststipendiatane Kjell Rylander og Caroline Slotte.

Vi valde å avgrensa oss til keramikk, og det av fleire grunnar. Keramikken har ei rik historie og den er internasjonal. Som bildemedium og bruksting har den nådd både høg og låg. Og som kommersiell handelsvare og verdifull kunstgjenstand har den tent som ein viktig kanal mellom Aust og Vest. I hundrevis av år beundra europearane kinesarane for deira porselen, før dei sjølve knekte koden tidleg på 1700-talet. Deretter blei det bygd porselens- og keramikkfabrikkar overalt i Europa, men masseproduksjon og dårleg kvalitet utløyste også ein motreaksjon: verkstadkeramikken (kunsthandverket) og den kunstindustrielle rørsla. I dag gir det ikkje lenger meining å tenkja i ei slik motsetning, for den eine polen, industrien, er stort sett avvikla i Vesten. Det er ikkje lenger produksjon som er grunnlaget for samfunnsøkonomien, men service og informasjon. Det kan knapt illustrerast tydelegare enn i bystyrevedtaket i Porsgrunn frå 10. februar 2011 i samband med ny reguleringsplan for fabrikkområdet til Porsgrund Porselænsfabrik: "Hensikten med planen er å omregulere fabrikkområdet fra industri til "senterområde" (forretning/kontorformål) m.m."

Denne postindustrielle situasjonen har skapt ein heilt ny røyndom for alle som arbeider med keramikk. Nokre har på ny sett kursen mot Kina og samarbeider med handverksverksemder og fagmiljø der. Det har også vakse fram alternative måtar å produsera på i form av ei "gjer-det-sjølv"-holdning. Materialet er då gjerne lett-tilgjengeleg saker og ting som ein er omgitt av, og som kan resirkulerast. Atter andre arbeider som før i ein verkstadbasert praksis, men har tatt i bruk teknikkar og arbeidsmåtar som tidlegare var tabu fordi dei blei forbunde med industriell produksjon.

Desse endringane og den komplekse røyndomen dei spring ut av, er ein del av bakteppet for Ting Tang Trash. Kunstnarane som blir presenterte i boka og utstillinga viser noko av spennvidda som rår på feltet. Ikkje alle vil stemma i Brecht si hylling av det brukte og slitte, nokre arbeider berre med avstøypingar eller nye og blanke ting. Men gjennom bruken av ting som råstoff, og gjennom å flytta dei frå ein kvardagsleg kontekst til ein kunstnarleg, har dei alle medverka til å heva desse tinga sin verdi og status. Det er denne prosessen vi har kalla oppvinning.

Endra arbeidsmåtar og utradisjonelle material - særleg av ikkje-varig slag - utfordrar institusjonane som samlar og bevarar. K-verdi har sett nærare på korleis museet stiller seg til desse nye praksisformene, men vi har også sett at museet og samlingar er blitt ein stadig meir interessant arena for mange kunstnarar å gå i direkte dialog med. Ting Tang Trash kan difor presentera fleire installasjonar som er laga spesielt til denne mønstringa og til Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum som stad.

Den postindustrielle tendensen som her kort er skissert, har peika seg ut som særleg aktuell på 2000-talet, og innanfor kunsthandverket er det ein av dei få tendensane som kan karakteriserast som noko heilt nytt. Men den er ikkje ny på ein måte som representerer eit brot med fortida. I den postindustrielle keramikken, er fortida nærverande overalt, i material- og motivval så vel som i arbeidsmåtar og problemstillingar. I boka og utstillinga Ting Tang Trash har desse banda til det som var, vore viktige å få fram. Dei gjer endringane tydelegare for oss, og får utfordringane til å stå klarare fram. Men like viktig er banda til den notidige materielle kulturen. Verda er full av ting, så kvifor ikkje gi dei ei nytt liv som kunst?

Publisert: 27.10.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 19.03.2015 av admin