KHiB-campus-2009.jpg

Kart over KHiB-campus

Se kart som viser oversikt over de fem byggene som KHiB har i Bergen sentrum.

Avdeling for kunst er lokalisert ute på Nordnes, i C. Sundts gate 53 og 55, i Vaskerelven 8 og i Marken 37. Det er omlag 10 minutt å gå frå Torgallmenningen. Avdeling for design er lokalisert i området rundt gågata Marken og i Vaskerelven. Administrasjonen held til i Strømgaten 1.

Campus_stromgaten.jpgStrømgaten 1
Hovudbygget og resepsjonen ligg i Strømgaten 1. Det ligg vis-à-vis Jernbanestasjonen. Her finn du òg Studieadministrasjonen, to avdelingskonsulentar og informasjonseininga. Keramikk og leire har òg hovudsetet sitt her. I underetasjen har keramikk og leire den største verkstaden sin samt gipssal og andre verkstader. I andre etasje finn du kontora til rektor og høgskoledirektøren, samt økonomienheten og personalenheten. I andre etasje ligg òg dei to største tegnesalane og kontor for fagleg tilsette. I tredje etasje ligg det eit stort prosjektrom. IKT-eininga og Eining for kvalitetsutvikling (utdanningskvalitet, etter- og vidareutdanning/eksternfinanisert verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid) held òg til her.

Campus_marken37.jpgMarken 37
Dette bygget vert òg kalla "Glassbygget". Her finn du kunst- og designhøgskolen si kantine, møteplass og fem student-PCar for offentlig bruk. I første etasje er det verkstad for tre og metall, medan tekstil og møbel- og romdesign/interiørarkitektur samt lesesalar og prosjektrom for studentar, ligg i andre etasje. I tredje etasje ligg "Det Raude Rommet" (den store forelesningssalen) som er det største undervisningsrommet på kunst- og designhøgskolen. Her finn du òg arbeidsplassar for tekstilstudentar og prosjektrom og verkstad for tekstil. I fjerde etasje er det studentplassar og vevsal. På framsida av nr. 37 har vi òg ein koseleg liten hage med bord og stolar for solskinnsdagar.

I gata, mellom parkeringsplassen i Strømgaten 1 og Marken 37, ligg Galleri Bokboden. Dette er eit av dei to studentdrevne galleriea ved KHiB. Bokboden viser arbeid av noverande og tidlegare KHiB-studentar.

campus_Vaskerelven.jpgVaskerelven 8
I første etasje og i underetasjen/kjellaren her, er det grafikkverkstad og verkstad for fargetrykk. I første etasje er det òg fotostudio, undervisningsrom /prosjektrom samt kontor for verksmeistrar både på foto og grafikk. KHiB sitt visningsrom for kunstnarleg utviklingsarbeid, Rom8, ligg ut mot gata på gateplan. Andre etasje huser biblioteket og kontor til stipendiat og professor i fotografi og grafikk. I andre etasje ligg det òg lesesalar for studentar. Bakerst i andre etasje ligg det ein datalab for studentar og KHiB sine avanserte fotoskrivarar. I tredje etasje ligg det to store salar med studentarbeidsplassar. I fjerde etasje er det kontor for fagleg tilsette ved Avdeling for kunst, kuratorstudiet og teori, i tillegg til at du òg finn dekan ved Avdeling for kunst.

Campus_kongOscarsgate.jpgKong Oscars gate 62
Den store bygården ligg like overfor St. Jørgens hospital (Lepramuseet i Bergen). I underetasjen ligg det tre prosjektrom og eit auditorium, medan første etasje har lesesal for studentar på Avdeling for design. I andre etasje finn du PC-lab, prosjektrom og kontor for fagleg tilsette ved Avdeling for design. I tredje etasje er det tre store prosjektrom, og i fjerde etasje finn du PC-lab for studentar ved Avdeling for design. Studentar på praktisk-pedagogisk utdanning bruker undervisningsrommet 404. Dekanen ved Avdeling for design held til å tredje etasje her.

I tillegg ligg Galleri Fisk i Kong Oscars gate 46, like bortanfor nr. 62. Galleriet vert drive av KHiB-studentar og held ope laurdagar og sundagar kl 12 -16. Opning av nye utstillingar er vanlegvis annankvar fredag kl 20.

Campus_Akademiet.jpgC. Sundts gate 51 + 53 + 55
Avdeling for kunst held mellom anna til i C. Sundts gate på Nordnes. Her finn du studentarbeidsplassar, verkstader, prosjektrom, atelier/kontor for fagleg tilsette. I 6. etasje finn du det store prosjektrommet. I første etasje ligg det eit utstillingslokale som studentar bruker til å vise arbeida sine. Det fins òg eit utstillingslokale i 7. etasje i nr. 55. Verksmester i tre- og metallverkstaden held til i 1. etasje.

Samlokalisering på sikt
Kunst- og designhøgskolen i Bergen skal samlast under ett tak i Møllendalsveien. Det er arkitektkontoret Snøhetta som har teikna det nye bygget som er under planlegging. Les meir om byggesaka her
Samlokalisering for KHiB

Publisert: 07.09.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 01.08.2016 av Gard Andreas Frantzsen