Designstudent 1 - SUBSTANS 2011

Informasjon for søkjarar til masterprogrammet i design

Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil frå 1. januar 2017 vere ein del av Universitetet i Bergen (UiB). For deg som søkjar vil ikkje dette bety anna enn at du nå søkjer gjennom søknadsveven tilknytta UiB.

Nytt bygg
Kunst- og designutdanninga ved det nye fakultetet vil flytte inn i eit nytt og flott bygg sommaren 2017. Dette bygget er teikna av arkitektkontoret Snøhetta, og er det einaste bygget i landet som er utforma med tanke på at det skal vere eit bygg for kunst- og designutdanning.

NB! Søknadsveven opnar 1. desember 2016 for Master i design.

Master i design
Alle våre studieprogran innan kunst og design vil fortsetja ved Fakultet for kunst, musikk og design. Musikkutdanninga er i dag ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dette instituttet blir ein del av dette nye fakultetet ved UiB.

Det nye fakultetet for kunst, musikk og design har eit masterprogram i design organisert ved Institutt for design. Her er det to studieretninger; møbel- og romdesign/interiørarkitektur og visuell kommunikasjon.

Kjerna i masterprogrammet er masterprosjektet til den einskilde student, som er eit større, sjølvstendig og eksperimentelt designarbeid. Gjennom masterprosjekta bidreg studentane også til nytenking og fagleg utvikling, gjerne på tvers av etablerte profesjonsgrenser.

Opptaksprosessen 2017:

  • Søknadsfrist: 1. februar
  • Innkalling til intervju: vert sendt frå oss i veke 11, 14. mars
  • Intervju: veke 13, 28. - 29. mars
  • Tilbod om opptak: vert publisert på søknadsveven i veke 14

 

Opptakskrav
Masterstudiet i design byggjer på ein bachelorgrad i design, eller annan relevant utdanning tilsvarande 180 studiepoeng.

Søkjarane vert vurderte ut frå opplasta prosjektutgreiing, dokumentasjon av relevant designfagleg arbeid (portfolio) og intervju.

Søknadsprosessen
Her finn du ei lenke til søknadsveven som du må nytte for å søkje til KHiB. Her kan du og laste opp ulike dokument som karakterutskrifter, vitnemål, prosjektutgreiing og brev. Portfolie kan du og laste opp på søknadsveven. 

Krav til prosjektutgreiinga
Prosjektutgreiinga skal ha eit omfang på 1 til 2 A4-sider (NB! ikkje meir enn 2 sider).
Det må gå klart fram av denne kva for fagområde du søkjer til: visuell kommunikasjon eller møbel- og romdesign/interiørarkitektur. Du skal gjere greie for:

  • tema i prosjektet og området for designfagleg utforsking
  • motivasjonen din for å gjennomføre prosjektet, og prosjektet sin relevans for samfunnet
  • mål og problemstilling for prosjektet
  • korleis du vil utføre og presentere prosjektet


Krav til portfolio

Portfolio bør innehalde dokumentasjon av designfaglege arbeid og prosjekt som viser at du er kvalifisert for å gjennomføre eit sjølvstendig masterprosjekt. Her finn du meir informasjon om krav til portfolien.

Om du ikkje greier å laste opp portfolien på søknadsveven, kan du lagra denne på ein minnepinne og sende til:
 
Universitetet i Bergen
Fakultet for kunst, musikk og design
postboks 7800
5020 Bergen

Hugs å merkje konvolutten med "Søknad MA design" og namnet ditt.

Brev sendt frå utlandet
Dersom du sender portfolien din frå utlandet, er det er viktig at du merkjer konvolutten med "No commercial value", og sender søknaden i god tid før søknadsfristen.

Intervju og andre opptak
Dersom du går vidare til andre opptak, vil du bli kalla inn til intervju i Bergen, i veke 13.
Du vil og sjå resultaet av 1. opptak på søknadsveven. Logg deg inn her.

Søkjarar som får avslag på søknaden vil berre få melding om dette på søknadsveven.

I veke 14 kan alle søkjarane sjå resultatet av opptaket på søknadsveven. Alle som får tilbod om opptak eller plass på venteliste må bekrefte på søknadsveven at dei tek imot plassen.

Studiekontrakt
Ved å takke ja til tilbod om opptak, samtykker du samtidig til innhaldet i studiekontrakten. Studiekontrakten finn du her. Du treng ikkje å sende inn kontrakten.

Søkjarar som skal fullføre bachelorutdanninga si i vårsemesteret 2017, vil få betinga opptak. For å få endeleg opptak, må du dokumentere greidd og fullført bacheloreksamen eller tilsvarande. Siste frist for å ettersende/laste opp dokumentasjon/vitnemål er 1. juli 

Språkkrav
For å kunne delta i programmet, må du meistre eit skandinavisk språk eller engelsk ved studiestart. Arbeidsspråk er norsk og engelsk. Rettleiing vert gjeve på begge språk.

Publisert: 06.12.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 23.02.2017 av Ingjald Selland