Bermuda-Triangle_aiPotu.jpg

Informasjon til søkjarar til master i kuratorpraksis

Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil frå 1. januar 2017 vere ein del av Universitetet i Bergen (UiB). For deg som søkjar og student vil ikkje dette bety så mykje. Du søkjer på vanleg måte gjennom søknadsveven som no ligg tilknytta UiB sin FS- base (Felles studentsystem).

 

Bilde: aiPotu "Bermuda Triangle / Journey to the Underworld", Volt.
Nytt bygg
Kunst- og designutdanninga ved det nye fakultetet vil flytte inn i eit nytt og flott bygg sommaren 2017. Dette bygget er teikna av arkitektkontoret Snøhetta, og er det einaste bygget i landet som er utforma med tanke på at det skal vere eit bygg for kunst- og designutdanning.

NB! Søknadsveven opnar 1. desember 2016 for Master i kuratrorpraksis. 

Master i kuratorpraksis
Alle våre studieprogran innan kunst og design vil fortsetja ved eit nytt fakultet for kunst, musikk og design. Musikk utdanninga er i dag ved Griegakademiet, institutt for musikk, dette instituttet blir ein del av dette nye fakultetet ved UiB.

Masterstudiet i kuratorpraksis er ein erfaringsbasert mastergrad med krav om minst to års relevant arbeidserfaring. Mastergraden er eit deltidsstudium som totalt utgjer 90 studiepoeng fordelt over to år.

Det er opptak til utdanninga annakvart år, neste ordinære opptak skjer i 2017, med søknadsfrist 15. april.

Historikk
KHiB har frå 2004 tilbode vidareutdanning i skapande kuratorpraksis. Det har vore  godt kvalifiserte kandidatar med ulik bakgrunn, som teatervitskap, kunsthistorie, dans, kunstkritikk - og ikkje minst praktiserande biletkunstnare som har fått opptak. Erfaringa tilseier at blandinga av kompetanse frå forskjellige felt gjev eit svært interessant og vitalt studiemiljø. Det er gode tilbakemeldingar frå sensorane som har vurdert dei første kulla.

Frå vidareutdanning til masterutdanning
I løpet av 2014 blei vidareutdanninga evaluert. Med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå kandidatar, sensorar, faglig ansvarlege, arbeidsgjevarar og andre interessentar har vi no utbygd studiet i kuratorpraksis til eit masterprogram. Tilbakemeldingar tyder på at vidareutdanninga treff eit behov i det samtidige biletkunstfeltet, der kuratorrolla vert framheva sterkare enn tidligare.

Organisering
Masterutdanninga er organisert med faglege samlingar i Bergen eller andre stader. Studentane bur og utviklar kunstprosjekt i heile landet. Kjernen i utdanninga er utvikling av eit eige kuratorisk prosjekt.

Studiet skal gje eit praktisk og teoretisk grunnlag for skapande kuratorpraksis, og utdanne kuratorer som følgjer kunstproduksjonen aktivt, som er involvert i den fysiske presentasjonen av kunsten og ikkje minst bidrar til den offentlege samtalen omkring kunsten. Målet er å få større grad av profesjonalitet og relevans i forholdet mellom kunstproduksjon og presentasjonsform, og generere ein aktiv haldning for møtet mellom kunst og publikum. Slik følgjer studietilbodet opp kunst- og designhøgskolen si forpliktande samfunnsrolle og formidlingsansvar.

Eit masterprosjekt skal utviklast og realiserast i løpet av dei to åra. Dette er eit sjølvstendig prosjekt som skal syne gjennomføringsevne og reflektere forståing for fagfeltet. I tillegg vert det lagt vekt på evne til å reflektere over eige og andre sine arbeid. Studenten har ansvar for alle ledd i prosjektet, også finansiering. Det er eit krav at offentlegheita har tilgjenge til prosjektet.

Ordinært opptak i 2017
Masterstudiet byggjer på ein bachelorgrad i kunst eller anna relevant utdanning tilsvarande 180 studiepoeng.

I tillegg er det krav om minst to år med relevant praksis.

Søknadsfrist: 15. april

Krav til søkjarane
Om du skal søkje opptak, må du logge deg på søknadsveven, her kan du og laste opp alle relevante dokumet som ein søknad krev, desse er:

Prosjektutgreiing
Her skal du kort gjere greie for:

- Kvifor du ønskjer å bli tatt opp til dette studiet, og kva forventningar du har til studiet
- Kva slag kuratorisk prosjekt du ønskjer å realisere i løpet av studiet
- Kva for tema eller problemstilling vil du undersøke nærare, og korleis er prosjektet tenkt gjennomført.

Portfolio
Denne bør innehalde dokumentasjon av relevant arbeid som syner kva bakgrunn du har for å gjennomføre eit sjølvstendig masterprosjekt.

Språkkrav
Undervisningsspråket er engelsk. 

Søknadsvev
Her kan du laste opp all dokumentasjon som vitnemål, prosjektutgreiing og portfolio.

Her finn du lenke til søknadsveven.

Søknadsprosessen
Etter at du har logga deg inn på søknadsveven, og lagt inn personalia og valt studium, kan du laste opp alle dei dokumenta som skal følge søknaden. Dette må du gjere før søknadsfristen.

Etter at komiteen har gått gjennom og vurdert søknadene, vil dei som går vidare få brev om dette med innkalling til intervju i veke 25. Brevet med innkalling til intervju vil bli sendt frå oss i veke 18.

Alle søkjarar må logge seg på søknadsveven for å sjå utfallet av søknaden. Dei som ikkje går vidare i opptaket, vil ikkje få melding om dette på annan måte.

Etter intervjuet, vil søkjarane bli vurdert på nytt og komiteen vil fastsette kven som får tilbod om studieplass, plass på venteliste og avslag. Igjen må søkjarane gå inn på søknadsveven for å sjå resultatet, og takke ja eller nei til tilbod om studieplass. 

 

 

 

Publisert: 11.01.2012 av Peter Klasson Oppdatert: 01.03.2017 av Gard Andreas Frantzsen