PPU-FK_portrett.jpg

Informasjon til søkjarar til Praktisk-pedagogisk utdanning

Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil frå 1. januar 2017 vere ein del av Universitetet i Bergen (UiB). For deg som søkjar vil ikkje dette bety anna enn at du no søkjer gjennom søknadsveven som ligg tilknytta UiB sin FS- base (Felles studentsystem).

Foto øverst: Ken Bernhard Ingebrigtsen og Per Torgersen
Nytt bygg
Kunst- og designutdanninga ved det nye fakultetet vil flytte inn i eit nytt og flott bygg sommaren 2017. Dette bygget er teikna av arkitektkontoret Snøhetta, og er det einaste bygget i landet som er utforma med tanke på at det skal vere eit bygg for kunst- og designutdanning.

NB! Søknadsveven opnar 1. januar  2017 for PPU studiet.

Praktisk- pedagogisk utdanning
Alle våre studieprogran innan kunst og design vil fortsetja ved eit nytt fakultet for kunst, musikk og design. Musikk utdanninga er i dag ved Griegakademiet, institutt for musikk, dette instituttet blir ein del av det nye fakultetet ved UiB.

Praktisk-pedagogisk utdanning er ei eittårig lærarutdanning for kunstnarar og designarar, som gjev deg formell undervisningskompetanse. Vi fokuserer på det kunst-og designfaglege perspektivet i pedagogikk og fagdidaktikk.


Opptaksprosessen 2017:

  • Søknadsfrist: 15. april
  • Innkalling til intervju:  vert sendt frå oss i veke 18, 3. mai.
  • Intervju: veke 20 (18. - 19. mai)
  • Tilbod om opptak: vert publisert på søknadsveven i veke 21


Bakgrunn for å søkje

For å bli tatt opp som student på PPU vert det kravd bachelorgrad i kunst eller design frå høgskole eller universitet. Det er krav om politiattest for å kunne begynne på praktisk pedagogisk utdanning. Slik attest må seinast leggjast fram ved studiestart.

Søknadsprosessen
Du må først logge deg på søknadsveven, her vil du finne dei ulike søknadsalternativa. På søknadsveven kan du laste opp ulike dokument som karakterutskrift, vitnemål og brev. Desse må du ha lagra på datamaskina di som t.d. pdf-filer.
I tillegg må du og laste opp dokumentasjon på eige kunst- eller designfagleg arbeid (portfolio) og motivasjonsbrev. Her finn du krav til portfolio.

Etter at komiteen har vurdert søknadene, vil vi sende brev/epost 3. mai med innkalling til intervjui. Intervjua vil finne stad i Bergen i veke 20. Alle må logge seg på søknadsveven for å sjå utfallet av første runde i opptaket. Dei som ikkje går vidare i opptaket, vil ikkje få anna melding om dette.

I veke 21 vil komiteen bestemme seg for kven som skal få tilbod om opptak, plass på venteliste og avslag. Informasjon om dette vil søkjarane finne på søknadsveven. Det er viktig at dei som får tilbod om studieplass eller venteliste, takkar ja eller nei til dette på søknadsveven.

PPU Vimeo klipp mars 2012

Video om PPU
Lær meir om PPU frå dei som har tatt faget sjølv.

Frå student til lærar, Kunst- og designhøgskolen i Bergen

Videoen er laga av Fram Film Ltd og lagt ut på Vimeo.

Motivasjonsbrev
I brevet ynskjer vi at du reflekterer over følgjande punkt:
• Kvifor ynskjer du å gjennomføre praktisk-pedagogisk utdanning innan kunst- eller designfag?
• Kva kan du bidra med i dette studiet?
• Korleis tenkjer du at du skal bruke din kompetanse etter avslutta studium?

Brevet skal vere på maksimum ei A4-side.

Portfolio
Søkjaren vel sjølv kva han/ho vil dokumentere, men portfolioen må vise at søkjaren meistrar grunnleggjande dugleikar i teikning, form og farge. Hugs å fyll ut skjema for portfolio og last denne opp poå søknadsveven. Portfolioen kan du og laste opp på søknadsveven, eller du kan lagre han på minnepinne og sende til:

Universitetet i Bergen
Fakultet for kunst, musikk og design
postboks 7800
5020 Bergen

Kunst- og designhøgskolen sender ikkje portfolio i retur.

Krav til språkkunnskapar
Søkjarar som ikkje har nordisk vidaregåande skole, må dokumentere norskkunnskapar tilsvarande "Bergenstesten".

Publisert: 19.08.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 07.12.2016 av Ingjald Selland